tirsdag 25. desember 2012

Lotteri! Spinnerens Hjem

vi fekk ein kick-start på angora hos Ossian
Noko av det første garnet
          Trenchwork i Spinners home har utlova premie, og det vil eg jo gjerne ha!         
         Derfor svarar eg på ein del spørsmål her:                                                                                                        
  • Eg har faktisk lært svært masse om fiber og redskap dette året! Eg fekk lære å spinne av mor for lenge sidan, men eg øvde ikkje så mykje. Husflidslaget hadde fått inn ønske om spinnekurs, så vi hadde 2 stk våren 2012, først ei helg med Ossian Kidholm og så ein laurdag med Åse Tøndel. Eg vart fort hekta!!! Eg har spunne ein del angora og ganske mange typar sau-ull. Eg har vore borti alpakka, moskus og diverse anna fiber. Eg har også vore to helger på Lillehammer hos Spinnvilt. Der var det mykje fiber, folk og inspirasjon å få!!! Og eg fekk invitasjon til spinnegruppa på Wøyen gård, Sandvika, der vi har møttest kvar tirsdag i heile haust, sidan eg er student i Oslo frå hausten av. Ja, og så var Tour de Fleece i sommar ein motiverande event der eg fekk laga ganske mykje.
  • Hm, eg har vorte hekta på rokker og har kjøpt ganske mange... Nokre av dei har eg seld vidare til andre spinnefantastar :-) Det med "comfort-sone" er eg ikkje heilt sikker på, men spinning gir meg "flow-følelsen" rett som det er og virkar herleg avstressande!                                                                                                                                                                   
  • Eg likar alt!! Men føretrekk rokk framfor handtein, kanskje berre fordi det er litt meir effektivt. Eg elskar tynt garn og tjukt effektgarn. Eg elskar å lære nytt og har heldigvis riktig mykje igjen å lære!
  • Eg har ikkje prøvd lin og bomull enno, det vil eg gjerne! Eg vil også prøve meir av farging. Vi hadde eit plantefargekurs i haust, strålande! Skal vere med på fargesirkel på Wøyen, gler meg! Fekk navlelav i julegave av mann og sønn :-) det skal prøvast!
  • Det eg er mest stolt av i spinning/bruk av mitt håndspunne garn i det siste året:          
  • OM eg skulle vinne, ville eg gjerne ha.. noko silkemjukt, f.eks silke og merino i blanding!

mandag 24. desember 2012

2012

Garn farga av kvitmaure-rot
Denne hausten har gått fort! Eg har starta  som student i Oslo og kom meg dermed nærare Lillehammer. Det har ført til at eg kunne delta på spinnetreff ei helg og vidaregåande kurs i spinning ei anna helg! Husflidslaget på Tingvoll fekk også til å arrangere eit helgekurs i plantefarging.
Mange fine farger!

Eg har også fått vere med på spinnetreff på Wøyen gård kvar tirsdag. Her er vi opp til 10 damer som møtest og sitt og spinn og kosar oss!