lørdag 30. juni 2012

"Tour de Fleece", dag 1-30. juni

Eg måtte ha meire blått til heklinga mi, så eg spann og tvinna desse 28 gramma, silke, ull og ein sterk tråd og ein sølvtråd. Travelt i dag, for eg var først på plantefargekurs i Torvikbukt og på fransk hageselskap etterpå. Så dette rakk eg på morgonkvisten.

onsdag 27. juni 2012

lørdag 9. juni 2012

Ny genser til Øystein!

SÅÅ langt har strikkinga kome...

Og SÅÅ mkje garn har eg spunne! Korga til høgre har tullar klare til spinning og enda har eg litt til igjen!

torsdag 7. juni 2012

Sjeviot og svart angora

Vaska sjeviot-ull, halvparten har eg farga blå,,
På snella til Travelleren min har eg svart angora.

25 kg spelsau-ull!

Denne eska kom i posten..
Her har eg vaska litt som ligg til tørk.

søndag 3. juni 2012

Coils!

Absolutt eit rotete bilde av eit rufsete garn! Det er ikkje så lett! Eg hadde nok gjeve kjernetråden litt lite ekstra snurr og brukte for mange omdreiingar til å lage coilar og tvinn i neste omgang. Resultat: garnet vart ubalansert.
Andre forsøket vart litt betre.

Nydelig ull!


Rødstrupe-garn!



Hm. Bilda har ikkje heilt rett farge, men det er Gotland-ull som har fargene til fuglen rødstrupe, heilt sant1 Eg klarde å få det ganske tynt og tvinna med ein gulltråd. Fint! Må nok bli eit sjal av dette.