søndag 3. juni 2012

Coils!

Absolutt eit rotete bilde av eit rufsete garn! Det er ikkje så lett! Eg hadde nok gjeve kjernetråden litt lite ekstra snurr og brukte for mange omdreiingar til å lage coilar og tvinn i neste omgang. Resultat: garnet vart ubalansert.
Andre forsøket vart litt betre.

Nydelig ull!


Rødstrupe-garn!



Hm. Bilda har ikkje heilt rett farge, men det er Gotland-ull som har fargene til fuglen rødstrupe, heilt sant1 Eg klarde å få det ganske tynt og tvinna med ein gulltråd. Fint! Må nok bli eit sjal av dette.

tirsdag 15. mai 2012

I mai er fargene...

Blomster små, gule blå, titter opp av marken nå..
Eg har prøvd meg på coilspun yarn (tråd med krøllar). Ulla fekk eg frå Spunky Eclectic. I tillegg har eg farga blå og gul ull og nålefilta blomstene.
I

søndag 26. februar 2012

Sokkestrikking: toe-up-strikking, tomatoe-hel og lace (mønster)-strikking

Driv og strikkar sokkar av eit garn eg kjøpte ein gong: Sandnes mini palett, superwash, 75% ull og 25% nylon.

Tåa vart for spiss og tomathelen vart for stor, men eg er veldig fornøgd med at eg klarte å lese mønsteret på oppskrifta. Måtte ta i bruk engelsk forkortningsskjema og youtube for å forstå korleis det skulle gjerast, men eg klarte det!
Dette er litt av angoragarnet mitt. Fint og varmt til f.eks. pannebånd!

Dette garnet er trelagt: to trådar grå trøndersau frå Selbu spinneri og ein supersterk nylontråd som den tredje. Er eigentleg fornøgd med dette, sjølv om målet er å lage enda tynnare garn. Skal prøve dei ut i sokkestrikk sidan eg har den supersterke tråden med.

Fint garn!

Legg til bildetekst