tirsdag 31. januar 2012

Her er handkardene mine. Dei er av merket Louet. Eg likar den fine svingen dei har.

Karder

Her er det som står på eska.
Trommelkarda mi

mandag 30. januar 2012

Garnet eg har laga av Smøla-ull
Eg var så heldig å få ein sekk frå Marit og Eva på Edøya/Smøla. Eg karda fine "tullar" og spann det gråbrune garnet, tilsaman 2 hesper. Garnet på snella er ikkje tvinna enno, men har litt raudt og små silkefjon inniblanda. Eg karda alt på den store karda mi (Ashford mellomfin). Litt ujamt vart det, men eit sjarmerande garn trur eg det kan bli! Passar til ein raudnisse, dette!

søndag 29. januar 2012

Eg har laga garn av ull eg har fått frå Smøla, det skal eg vise bilde av neste gong, det er slutt på dagslyset no.
Eg har også karda det saman med raud ull og silketops, er spent på korleis det garnet blir!
Det eg har på snella no, var ein tops eg fekk tak i hos Silja Devine http://silja-devine.com/?cat=18 .


Eg delte opp topsen i tynne "tarmar", så vart det lettare å spinne.

Spinning

Dette er mitt første garn. Spunne av islandsk uspunne Lopi-garn. Ein fin måte å øve seg på.


Her er Lopien fint nøsta opp på "wool-winder"-en og har fått selskap av mitt andre garn! Eit multifarga garn, kjøpt på Spinnvilt som

Corriedale stripet - Vinter 

 

Hadde ingen plan om å få det bulkete, det berre vart sånn! Her ser du det som er igjen av topsen.


Dette er min første rokk!! Ashford traveller <3
Så kom plutseleg denne rokken i hus også, arva av min storebror- det var kanskje mormor sin! Eg må finne ut litt meir om det! Den har nokre små (?) ting som må fiksast.

Spinning!

Eg må berre opprette ein blogg! Dette fordi eg har lyst til å fortelle om mine prosjekter, utan at "alle" må sjå og høyre, om dei ikkje vil! Det blir nok ein del om rokk og spinning...