tirsdag 25. desember 2012

Lotteri! Spinnerens Hjem

vi fekk ein kick-start på angora hos Ossian
Noko av det første garnet
          Trenchwork i Spinners home har utlova premie, og det vil eg jo gjerne ha!         
         Derfor svarar eg på ein del spørsmål her:                                                                                                        
  • Eg har faktisk lært svært masse om fiber og redskap dette året! Eg fekk lære å spinne av mor for lenge sidan, men eg øvde ikkje så mykje. Husflidslaget hadde fått inn ønske om spinnekurs, så vi hadde 2 stk våren 2012, først ei helg med Ossian Kidholm og så ein laurdag med Åse Tøndel. Eg vart fort hekta!!! Eg har spunne ein del angora og ganske mange typar sau-ull. Eg har vore borti alpakka, moskus og diverse anna fiber. Eg har også vore to helger på Lillehammer hos Spinnvilt. Der var det mykje fiber, folk og inspirasjon å få!!! Og eg fekk invitasjon til spinnegruppa på Wøyen gård, Sandvika, der vi har møttest kvar tirsdag i heile haust, sidan eg er student i Oslo frå hausten av. Ja, og så var Tour de Fleece i sommar ein motiverande event der eg fekk laga ganske mykje.
  • Hm, eg har vorte hekta på rokker og har kjøpt ganske mange... Nokre av dei har eg seld vidare til andre spinnefantastar :-) Det med "comfort-sone" er eg ikkje heilt sikker på, men spinning gir meg "flow-følelsen" rett som det er og virkar herleg avstressande!                                                                                                                                                                   
  • Eg likar alt!! Men føretrekk rokk framfor handtein, kanskje berre fordi det er litt meir effektivt. Eg elskar tynt garn og tjukt effektgarn. Eg elskar å lære nytt og har heldigvis riktig mykje igjen å lære!
  • Eg har ikkje prøvd lin og bomull enno, det vil eg gjerne! Eg vil også prøve meir av farging. Vi hadde eit plantefargekurs i haust, strålande! Skal vere med på fargesirkel på Wøyen, gler meg! Fekk navlelav i julegave av mann og sønn :-) det skal prøvast!
  • Det eg er mest stolt av i spinning/bruk av mitt håndspunne garn i det siste året:          
  • OM eg skulle vinne, ville eg gjerne ha.. noko silkemjukt, f.eks silke og merino i blanding!

mandag 24. desember 2012

2012

Garn farga av kvitmaure-rot
Denne hausten har gått fort! Eg har starta  som student i Oslo og kom meg dermed nærare Lillehammer. Det har ført til at eg kunne delta på spinnetreff ei helg og vidaregåande kurs i spinning ei anna helg! Husflidslaget på Tingvoll fekk også til å arrangere eit helgekurs i plantefarging.
Mange fine farger!

Eg har også fått vere med på spinnetreff på Wøyen gård kvar tirsdag. Her er vi opp til 10 damer som møtest og sitt og spinn og kosar oss!

søndag 12. august 2012

12. august

Så langt har eg kome på genseren.
Garnet eg spann av Manx Loaghtan, sau frå øya Man. Jepp, enno ei øy eg gjerne vil sjå!

Her ligg Manx-garnet side om side med Gotland-garnet. Begge spann eg direkte, utan karding eller kamming.

torsdag 19. juli 2012

Dag 20

Turid og Ola Hilmar kom med ny-rokken i dag!!
Hardangerrokken bygd av Einar Heldal. Nydeleg, ikkje sant?
God å spinne på også!

onsdag 18. juli 2012

Dag 19

Garnet på snella har vokst litt. Og blå og lilla ull har det vorte.

mandag 16. juli 2012

Dag 17

Eg har 900 g i posen no, av det lysebrune jakke-garnet!
Og snart to fulle sneller av det raude igjen. I pappkassen har eg ull som skal kardast

lørdag 14. juli 2012

Dag 15

Marlen-tråd: til venstre med perler, 90 m og 40 g.Til høgre 18 m og 57 g.

fredag 13. juli 2012

Dag 14

"Ullsmeden" på TdF hadde så flott garn..
Den med perler til venstre. Til høgre: prøvde meg på bouclé-garn.

onsdag 11. juli 2012

Dag 12

Lille Marlen ville absolutt sjå plassen ho er fødd i dag. Så storebrørne støtta henne. Ho likte det ho såg!!

tirsdag 10. juli 2012

..Fortsettelse, dag 11

Gjorde minst 2 morsomme ting i dag: farga garn med løkskal og gulrotgras og starta på sjalet "Garden view shawlette".

Dag 11-kviledag

Ikkje laga i går, dette gjorde eg etter fotosession i går.

søndag 8. juli 2012

Dag 9- TDF

Dette garnet er så morsomt å lage! Fortsatt spelsau.
Her ser du garnet på snella. På golvet står dei to bouclé-trådane eg brukar som kjerne.

lørdag 7. juli 2012

Dag 7

I dag føler eg meg fargerik!
Veldig farge-rik! Alt dette garnet er plantefarga! Det kom i posten frå Tønsberg i dag, frå Helle som driv og tømmer eit hus..
Litt framgang på den lysegrå tynne..
Eit nytt garn er skapt! Kjerntråd med eit tynt bouclé-garn og så den lysebrune spelsauulla snurra rundt. Eg er kjempefornøgd! 54 m og 56 g. Men dette blir det meir av :-)
Same garnet etter vask.

fredag 6. juli 2012

6. juli

Korga full av gensergarn til Øystein!
Dei to brunsvarte hespene øverst og bakerst spann eg ferdig og tvinna i dag. Kanskje det er nok snart?