søndag 5. januar 2014

Sånn vart modul 1-garnet:



Kva eg brukte på modul 1-garnet

Jacob i fargen humbug, kjøpt frå Sara i England

Det blå garnet på store spolar kjem frå Tyskland. Silkeflaka har eg fått hos Rhonna, Trondheim.



BFL-lokkar, kjøpt på Shetland!
Perlene kjem frå Kina! Kva med meg, som har tenkt å satse på kortreist fiber/stash i 2014? Eg har stort forbedringspotensiale!!

Module 1 yarn

Dette skal bli "minnegarn" frå eg var lærar på TBU

Skolen er lyseblå og kvit, og eg lærde bort bokstavane

Fargene passar, trur eg.

Eg likar nok denne fargekombinasjonen best.

Den blå tråden er 4 tynne komersielle trådar eg har tredd perler på, denne er tvinna med ein silketråd frå silk-hankies. Den andre er Jacob-ull og BFL-lokkar.