tirsdag 25. desember 2012

Lotteri! Spinnerens Hjem

vi fekk ein kick-start på angora hos Ossian
Noko av det første garnet
          Trenchwork i Spinners home har utlova premie, og det vil eg jo gjerne ha!         
         Derfor svarar eg på ein del spørsmål her:                                                                                                        
  • Eg har faktisk lært svært masse om fiber og redskap dette året! Eg fekk lære å spinne av mor for lenge sidan, men eg øvde ikkje så mykje. Husflidslaget hadde fått inn ønske om spinnekurs, så vi hadde 2 stk våren 2012, først ei helg med Ossian Kidholm og så ein laurdag med Åse Tøndel. Eg vart fort hekta!!! Eg har spunne ein del angora og ganske mange typar sau-ull. Eg har vore borti alpakka, moskus og diverse anna fiber. Eg har også vore to helger på Lillehammer hos Spinnvilt. Der var det mykje fiber, folk og inspirasjon å få!!! Og eg fekk invitasjon til spinnegruppa på Wøyen gård, Sandvika, der vi har møttest kvar tirsdag i heile haust, sidan eg er student i Oslo frå hausten av. Ja, og så var Tour de Fleece i sommar ein motiverande event der eg fekk laga ganske mykje.
  • Hm, eg har vorte hekta på rokker og har kjøpt ganske mange... Nokre av dei har eg seld vidare til andre spinnefantastar :-) Det med "comfort-sone" er eg ikkje heilt sikker på, men spinning gir meg "flow-følelsen" rett som det er og virkar herleg avstressande!                                                                                                                                                                   
  • Eg likar alt!! Men føretrekk rokk framfor handtein, kanskje berre fordi det er litt meir effektivt. Eg elskar tynt garn og tjukt effektgarn. Eg elskar å lære nytt og har heldigvis riktig mykje igjen å lære!
  • Eg har ikkje prøvd lin og bomull enno, det vil eg gjerne! Eg vil også prøve meir av farging. Vi hadde eit plantefargekurs i haust, strålande! Skal vere med på fargesirkel på Wøyen, gler meg! Fekk navlelav i julegave av mann og sønn :-) det skal prøvast!
  • Det eg er mest stolt av i spinning/bruk av mitt håndspunne garn i det siste året:          
  • OM eg skulle vinne, ville eg gjerne ha.. noko silkemjukt, f.eks silke og merino i blanding!

7 kommentarer:

  1. Du har rukket mye på et åt høres det ut som. Dilla på rokker, jeg er glad jeg klarte få en ny i hus.. Farging og kurser om farging låter spennend, det skulle jeg gjerne lært mer om. Lykke til :)

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg helsing! Ja, eg har nokre norske, Ashford, Majacraft og Louet! Får besøk i morgon og håpar på å selge Ashford Traveller-en min da. Ja, plantefarging er moro! Eg har også lyst til å lære meg å farge ull med syntetiske farger. Lykke til, du også! :-)

    SvarSlett
  3. Så flink du er til å bruke garnet ditt =) Har visst litt å lære der, mitt er for "fint" til å brukes ;)

    SvarSlett
  4. Takk! Ja, eg er mest glad i å spinne også eg da, men friformhekling er moro. Villsau-genseren til Øystein, mannen min, har tatt si tid. Han er gartner og tåler litt "klø-garn" med langerma skjorte under på vinteren. Så det er ikkje det at garnet mitt er for fint, det er mest at spinning er morsomst. Søstra mi laga jakke av spelsauulla eg spann i sommar, den skal eg prøve å ta bilde av etterkvart.

    SvarSlett
  5. Så mye flott du har laget! Veldig inspirerende, nå fikk jeg lyst å ta fram noe og spinne tykke, effektgarn igjen!
    -Ullsmeden

    SvarSlett
  6. Det ER utrolig lett å bli hektet på denne kunsten, ikke sant? :-) Og jo mer man lærer, jo mer man finner man ville lære. Denne er en hobby (eller kunst, eller håndverk) som man kan faktisk bruke et livstid og ikke vet alt. Men du har en virkelig bra start! ;-)

    SvarSlett
  7. Og . . . Gratulerer! Du er vinneren. :-) Jeg sender en PM via forumet. :-)

    SvarSlett